Hopp til innhold

–Det kunne ha gått så mykje verre

Dei tre om bord berga livet då sjarken «Onsøygutt» gjekk ned utanfor Røst. Her er historia om forliset, fortalt av to av dei som var med.

– Vi er veldig takknemlege for at det gjekk bra. Vi veit vi hadde flaks, seier Åge Karlsen.

Laurdag 9. mars 2019: «Onsøygutt» legg ut frå Hareid. Målet er torskefisket i Lofoten, båten har ein kvote på 12,8 tonn. Om bord er Arthur Teigene (66), Åge Karlsen (52) og Arthur junior (25).

Karane om bord er tre generasjonar frå same familie: den yngste Arthur har med seg stefaren Åge og ste-morfaren Arthur. – Lofotfisket skulle vere eit eventyr for oss tre. Eg skulle vere med mest for turen si skuld og for å hjelpe til med navigasjonen, fortel Arthur Teigene. 66-åringen er pensjonert skipper på offshoreskip.

Onsdag 13. mars: Det er midt på natta når «Onsøygutt» legg til kai på Røst i Lofoten. Arthur senior har bestilt rom på Fiskarheimen Havly, dei to andre bur i båten.

– Allereie den onsdagen var vi og sette garn. Røst var basen vår, det var også der vi leverte fisken vi fekk, fortel Åge Karlsen. Han har lite erfaring med fiske, er utdanna lærar og jobbar no på ein borerigg utanfor Rogaland. I denne friperioden skulle han for første gong oppleve Lofotfisket.
– Det var veldig dårleg vêr i området, så det vart ein del landligge for oss. Det var kuling og opp i full storm, fortel han.

– Det var veldig dramatisk. Du verda kor viktig det er å kunne symje, har eg sagt i ettertid.

ARTHUR TEIGENE
Fiksbåt i Lofoten

Tysdag 26. mars, morgon:
Dagen er den beste vêrmessig for karane frå Hareid. Det er nesten havblikk då «Onsøygutt» legg frå kai mot fiskefeltet. Også den eldste Arthur er med. Planen er å drage dei to rekkjene med torskegarn.

– Det var utruleg mykje fisk i garna, fortel Karlsen og Teigene. Den eine garnrekkja hadde fjorten garn, den andre femten. Å drage ei slik rekkje opp i båten tek to til fire timar.
– Vi visste at det skulle blåse opp utover dagen, det var det meldt. Men det overraska oss at det så bles så fort opp og at sjøen vart så uroleg. Så då vi hadde fått opp den første garnrekkja, bestemte vi oss for å setje kursen mot land og la den andre garnrekkja bli ståande, fortel Åge Karlsen.
Turen frå fiskefeltet til kaia på Røst tek vanlegvis ein time.
– På veg innover forstod vi at vi hadde gjort ei klok vurdering, for det bles opp og vart grov sjø, vinden og straumen gjekk imot kvarandre.

Tysdag 26. mars, ettermiddag: «Onsøygutt» har kome seg vekk frå dei enorme dønningane og nærmar seg kaia. Vinden er framleis sterk. Då høyrer dei eit puff frå maskina. Det kjem svart røyk. Og i same sekund stoppar båten.

– Vi to var ute på dekk, Arthur junior var i styrhuset. Eg sprang inn og bad han ringe redningsskøyta og seie frå at vi hadde trøbbel, fortel Åge Karlsen. Han og Arthur senior kasta så ut eit av garnankera, som vog tretti kilo.

Tysdag 26. mars, ettermiddag: Båteigar og skipper, 25 år gamle Arthur har nettopp varsla redningsskøyta om motorstansen. No går han på VHF-kanal 16, naudkanalen, på båtradioen og seier: «Alle båtar på Røst, alle båtar på Røst, vi har motorstopp og driv mot land.»

Han kjem så ut av styrhuset, og raskt hiv han ankeret ut frå baugen. Men forsøket på å få ankerfeste lukkast ikkje, det er sandgrunn i området, vinden var sterk og bårene store.
– Raskt kom det fire båtar til. Den eine kasta tau til oss, då låg vi nær land og rulla. På andre forsøk fekk vi tak i tauet og festa det til ein pullert framme. Den andre båten bakka, Onsøygutt dreia og då tenkte eg: «Ja, vi klarer det!», fortel Karlsen.
Men begge båtane gjekk opp og ned i sjøen, tauet fekk eit rykk og sleit pullerten av sveisefesta på dekket.
Då går det heile fort. Åge og den yngste Arthur er framme i baugen, Arthur Teigene er bak i båten, der garna er.
– Det gjekk berre nokre sekund før vi høyrde eit dunk. Båten slo mot grunnen og la seg på sida. Det kom raskt eit dunk til, styrbord side på båten slo inn i bergveggen. Då var det gjort, fortel Arthur Teigene.

Tysdag 26. mars, ettermiddag: Den tidlegare offshoreskipperen ser at sjøen er i ferd med å stige oppover beina. Han er kledd i varmedress, regnklede og tunge støvlar. Verken han eller dei to andre har rukke å få på seg overlevingsdrakt. 66-åringen ropar til dei andre:
«No søkk vi!»

– Eg var på veg bakover til Arthur. Då eg runda styrhuset, såg eg at han stod til livet i vatn. Då hadde eg nok … litt panikk. Eg var livredd for at vi skulle hekte oss fast i eit garn og bli med båten til botns, seier Åge Karlsen.
«Onsøygutt» sokk så fort at dei tre berre måtte legge seg ut i sjøen og prøve å kome seg derifrå. Klede og støvlar blir blytunge og gjer det vanskeleg å halde seg flytande. Dei er tretti meter frå land, i sjøen er det to grader, i lufta nokre få plussgrader.
– Eg fekk nokre sjøar over meg og svelgde ein del vatn, det var litt trasig. Men Åge, han sa at han hadde kontroll, og då kjende eg meg trygg, fortel Arthur Teigene.
Barnebarnet, den yngste Arthur, kom seg først opp på skjeret.
– Då snudde eg for å hjelpe han far. Eg drog han med meg, men då vi nærma oss land, drog sjøen oss ut igjen. Det var skikkeleg frustrerande, fortel Åge. 52-åringen er dykkar og har jobba i brannvesenet. Etter fleire forsøk klarte 25- og 52-åringen til slutt å få 66-åringen opp på land.

Tysdag 26. mars: På eit skjer ved innseglinga til Røst sit det tre generasjonar. Den yngste av dei, som nettopp har sett båten sin gå ned, tek rundt dei to andre og seier: «Kor glad eg er for at det gjekk bra med dokke!»

– Eg fraus noko vanvitig, det var veldig kald vind på skjeret og eg hadde heller ikkje regnjakke på meg, seier Åge.
Redningsskøyta Stormbull er stasjonert på Røst og var raskt ute hos havaristen. Dei tre frå Hareid vart tekne om bord i skøyta frå skjeret. Der fekk dei av seg dei våte klede og vart pakka inn i ullteppe og varmeposar. – Veldig proffe folk! Dei var heilt fantastiske, medmenneskelege, dei gjer ein kjempeinnsats og uvurderleg jobb kvar einaste dag, seier Karlsen og Teigene.
Om bord i RS Stormbull fekk dei tilgang til ein mobiltelefon, viss dei ville ringe heim.
– Eg ringde kona mi og fortalde at vi hadde forlist, at alle var berga om bord i redningsskøyta. Meir enn det klarte eg ikkje seie, fortel Åge Karlsen.
Kona hans, som kunne ha mista ektemannen, sonen og stefaren sin den ettermiddagen, fekk i oppgåve å varsle dei andre pårørande.
Då dei kom inn til kaia, stod ambulansen og venta på dei. Derifrå vart karane frakta til helsesenteret på Røst. Der fekk dei kvar si seng og låg innepakka i varmeposar. Og så fekk dei varm kakao.
– Eg fraus framleis, så eg bad om å få ta ein varm dusj. Dei målte kroppstemperaturen min rundt ein time etter forliset, då var den på 35,6 grader, fortel Åge Karlsen.
Arthur Teigene hadde klede på rommet sitt på fiskarheimen. Dei to andre mista alt dei hadde med seg då båten gjekk ned, bortsett frå eit visakort som Åge hadde i sin døde mobil i bukselomma under kjeledressen. På helsesenteret fekk dei mat, klede og sko. – Dei var fantastiske der også, seier Teigene og Karlsen.
Dagen etter, onsdag 27. mars, var dei i kontakt med forsikringsselskapet, politiet og fiskeridirektoratet. Så fekk dei klarsignal om å reise heim til Hareid.

Tysdag 2. april: Det har gått ei veke sidan forliset. Vikebladet Vestposten møter Åge Karlsen og Arthur Teigene heime hos Teigene i Strandgata på Hareid. Den yngste Arthur har bede dei to ta seg av å bli intervjua av lokalavisa.

– Det var veldig dramatisk. Du verda kor viktig det er å kunne symje, har eg sagt i ettertid. Eg har alltid vore ein god symjar, heldigvis, men eg trur ikkje eg hadde overlevd dette viss Åge ikkje hadde hjelpt meg, seier Arthur Teigene.
– Ja, eg var redd for at du ikkje skulle klare deg. Vi hadde berre armane å hjelpe oss med. Beina var blytunge, og eg veit ikkje om eg hadde klart å symje med ein mann ekstra på slep, seier Åge Karlsen.
Skal de på sjøen igjen?
– Eg skal på sjøen igjen, ja, men ikkje på Lofotfiske, seier Arthur Teigene.

Doner

Kontonummer: 5005.26.50000

Velg type …


For å kunne gi deg skattefradrag ber vi om at du oppgir ditt fulle fødselsnummer. Les mer om skattefradrag og hvorfor vi trenger fødselsnummeret ditt.

Redningsselskapet følger regelverk i forhold til behandling av personopplysninger for givere.

Jeg vil betale med …

(Registrering av navn på dette bidraget gjøres i etterkant.)